Revolutionäre Sozialisten var ein austerriksk sosialistisk organisasjon som blei danna etter oppstanden i Wien i 1934 og forbodet mot Det sosialdemokratiske arbeidarpartiet (SDAP, no SPÖ). Partiet blei støtta av Otto Bauer, som hadde flykta til Brünn/Brno i Tsjekkia for ikkje å bli arrestert av dei austrofascistiske styresmaktene i Austerrike. Gruppa bruka Dei tre pilene som symbol.
Etter at den første leiaren i RS, Manfred Ackerman, og etterfølgjaren hans, Karl Hans Sailer, begge hadde blitt arresterte i 1934-1935, overtok Joseph Buttinger leiinga. I 1938 flykta Buttinger til Brüssel, og leiinga for dei eksil-sosialistisk gruppene blei sameinte der.
I 1945 nytta SPÖ etter nystartinga av partiet undertittelen Sozialdemokraten und Revolutionäre Sozialisten.
Kjelder Den tyskspråklege wikipediaen, art. med same namnet, som lesen 19. november 2008.
Bakgrunnsstoff Eintrag über Revolutionäre Sozialisten im Weblexikon der Wiener Sozialdemokratie
Litteratur Otto Bauer Die illegale Partei, Paris 1939 Erwin Scharf Ich darf nicht schweigen: Drei Jahre Politik des Parteivorstandes der SPÖ - von innen gesehen Selbstverlag 1948. J. Buttinger, Am Beispiel Österreich, 1953 O. Leichter, Zwischen zwei Diktaturen, Österreichs Revolutionäre Sozialisten 1934-38, 1968 W. Wisshaupt, Wir kommen wieder. Eine Geschichte der Revolutionären Sozialisten in Österreich, 1967 P. Pelinka, Erbe und Neubeginn. Die Revolutionären Sozialisten in Österreich 1934-38, 1981 F. West, Die Linke im Ständestaat Österreich, Revolutionäre Sozialisten und Kommunisten 1934-38, 1978
Kategori:Austerrikske politiske parti Kategori:Sosialistiske parti Kategori:Austerriksk historie Kategori:Skipingar i 1934