Andreas Goldberger () er ein tidlegare austerriksk skihoppar. Han var ein av dei mestvinnande skihopparane på 1990-talet. Han var òg ein av dei mest populære hopparane, ikkje minst på grunn av den sympatiske veremåten hans og den positive haldninga.
Merittar Verdscup: Samanlagtvinnar 1992/93, 1994/95, 1995/96 20 sigrar i enkeltrenn Skiflyging Gull under VM i skiflyging 1996 i Kulm Verdscupsigrar i skiflyging i 1995 og 1996 I 2000 sette Goldberger nye verdsrekordar i Planica med hopp på 220 og 225 meter. OL 1994: To bronsemedaljar VM Eitt gull, to sølv, fire bronse Hoppveka To samanlagtseire: 1992/93 og 1994/95
Narkotikaskandalen I 1997 innrømma Goldberger misbruk av kokain. Han blei utestengt av det austerrikske skiforbundet i seks månader. Goldberger vurderte å bytte forbund og konkurrere for Serbia, men han ombestemte seg, og blei verande i det austerrikske forbundet.
29. mai 2005 la Goldberger opp etter ei lang og innhaldsrik karriere, men er endå prøvehoppar i verdscuprenn i områda rundt Tyskland og Austerrike. Så seint som i 2008 var han godt med på notane som prøvehoppar, og var føre godt over halvparten av hopparane.
Bakgrunnsstoff Offisiell nettsida
Denne artikkelen bygger på «Andreas Goldberger» frå , den 13. desember 2008.
Kategori:Austerrikske skihopparar Kategori:Verdsmeistrar i skiflyging Kategori:Verdsmeistrar i skihopping Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Austerrike Kategori:Olympiske medaljevinnarar i skihopping Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1994 Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 1994 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 1994 Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 1998 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 1998 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 1995 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 1997 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2001