Værlandet bedehuskapell står på Leiteneset i Værlandet i Askvoll kommune i Vestland, og er eit kapell frå 1960.
Kapellet er teikna av arkitekt Torgeir Alvsaker og vart til stor del sett opp ved dugnadsinnsats frå bygdefolket. Det er bygd i gul teglstein.
Altartavla frå 1959 viser Peter i stormen på Genesaretsjøen og er måla av Wilhelm Bjørknes. Værlandet fekk eigen gravplass i 1938. Gravplassen ligg sør på Værøyna, eit stykke unna kapellet.
Kapellet høyrde fram til 2006 til Vilnes sokn, men då vart sokna i Askvoll ihopslegne til eitt, og no høyrer Værlandet til Askvoll sokn. Fram til utfasinga av prestegjeld frå 2004 låg ho i Askvoll prestegjeld.
I 2014 vedtok soknet å klegge ned kapellet.Bedehuskapella i Askvoll i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Kjelder Red: Alf Henry Rasmussen – «Værlandet bedehuskapell» på s. 334 i Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Vanebo Forlag, Kirkenær 1993. ISBN 82-7527-022-7
Fotnotar
Bakgrunnsstoff Om Askvoll sokn på nettstaden til Den norske kyrkja Kart som viser soknegrenser og kyrkjestader, på nettstaden til Universitetet i Bergen Skanna kyrkjebøker frå Sogn og Fjordane på nettstaden til Arkivverket Oversyn over gravminne i Askvoll kommune på nettstaden disnorge.no
Kategori:Kyrkjer i Askvoll Kategori:Bedehuskapell i Vestland Kategori:Kulturminne i Askvoll Kategori:Kyrkjer i Sunnfjord prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1960 Kategori:Bedehus