Selen er eit ikkje-metallisk grunnstoff med kjemisk symbol Se og atomnummer 34. I periodesystemet er selen plassert i Gruppe 16.

Viktige sambindingar Vanlege oksidasjonstal for selen i sambindingar er 6, 4, 2 og -2. Selen dannar mellom anna fluorid, klorid, bromid, oksid og sulfid.

Bruk av selen Selen vert brukt i rustfritt stål.

Grunnstoffet kan brukast i glasproduksjon.

Biologisk rolle Selen er eit essensielt sporstoff. Selen finst i den 21. aminosyra, selenocystein, som det finst ein kode for i den utvida genetiske koden. Protein som inneheld selenocystein vert kalla selenoprotein, og frå pattedyr er det kjent 25 slike; alle sterkt konserverte. Dei fleiste gena for selenoprotein vert uttrykte i skjoldkjertelen, og mengda selen er her i stor grad uavhengig av mengda selen innteken gjennom maten.

Det er eit smalt område mellom for lite og mykje selen i kroppen; i for store mengder er selen giftig.

Kjemiske sambindingar med selen kan vera giftige.

Sjå også Periodesystemet Grunnstoffliste Isotoptabell

Kjelder

Bakgrunnsstoff Webelements

Kategori:Fleiratomige ikkje-metall Kategori:Native element Kategori:Kalkogen Kategori:Mineraltilskot Kategori:Antioksidantar Kategori:Grunnstoff