Herbjørg Margrethe Wassmo, kjend som Herbjørg Wassmo () er ein norsk forfattar.
Wassom er fødd på Myre i Øksnes kommune i Vesterålen og er utdanna lærar.
Ho debuterte som forfattar med diktsamlinga Vingeslag i 1976. Det litterære gjennombrotet fekk ho med romanen Huset med den blinde glassveranda i 1981, boka var første del i triologien om Tora, dei andre bøkene i serien heiter Det stumme rommet og Hudløs himmel. For Hudløs himmel fekk Wassmo Nordisk Råds litteraturpris. Serien om den incestutsette tyskarungen Tora vart ein stor publikumssuksess. Det vart også serien om Dina, Dinas bok, Lykkens sønn og Karnas arv. Dinas bok vart i 2002 filmatisert som I am Dina med Maria Bonnevie og Gérard Depardieu i leiande rollar.IMDB
Bøkene hennar er vorte omsette til ei rekkje språk.
Prisar og utmerkingar 1981 Kritikarprisen for Huset med den blinde glassveranda 1983 Bokhandlarprisen for Det stumme rommet 1986 Nordland fylkes kulturpris 1987 Nordisk Råds litteraturpris for Hudløs himmel 1991 Gyldendals legat 1997 Amalie Skram-prisen 1998 Prix Jean Monnét 2004 Eeva Joenpelto Prisen (Finland) 2006 Havmannprisen, for Et glass melk, takk 2007 Kommandør av St. Olavs Orden 2010 Heidersprisen under utdelinga av Brageprisen
Verk 1976 Vingeslag, diktsamling 1977 Flotid, diktsamling 1981 Huset med den blinde glassveranda, roman 1983 Det stumme rommet, roman 1983 Juni-vinter, skodespel 1984 Veien å gå, dokumentarroman 1985 Mellomlanding, skodespel 1986 Hudløs himmel, roman 1989 Dinas bok, roman 1991 Lite grønt bilde i stor blå ramme, diktsamling 1992 Lykkens sønn, roman 1995 Reiser - fire fortellinger 1996 Hemmelig torsdag i treet, barnebok 1997 Karnas arv, roman 2000 Det sjuende møte, roman 2003 Flukten fra Frank, roman 2006 Et glass melk takk, roman 2013 Disse øyeblikk, roman 2017 Den som ser, roman 2021 Mitt menneske, roman
Kjelder
Kategori:Norske forfattarar Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Vinnarar av Kritikerprisen Kategori:Vinnarar av Brageprisen Kategori:Vinnarar av Gyldendals legat Kategori:Vinnarar av Nordisk råds litteraturpris Kategori:Vinnarar av Amalie Skram-prisen Kategori:Folk frå Øksnes Kategori:Vinnarar av Bokhandlarprisen