Forkynnaren (i dei gamle bibelomsetjingane kalla Preikaren) er ei bok i Det gamle testamentet. Boka har det greske namnet Ecclesiastes og det hebraiske namnet Kohleleth - begge orda tyder 'talaren'.
Boka er truleg notat skrivne til bruk ved offentlege talar. Forfattaren presenterer seg som son åt David og konge i Jerusalem, og skal etter tradisjonen vere kong Salomo. Men boka viser eit heilt anna bilete av Salomo enn det tradisjonelle biletet av kongen. «Berre fåfengd, seier Forkynnaren, berre ideleg fåfengd! Kva vinning har mennesket av alt sitt strev, som det møder seg med under sola?» Dette pessimistiske livssynet tyder på at boka er skriven i hellenistisk tid, omkring år 200 f.Kr.
Boka har parallellar i kulturen i Det nære austen i oldtida, der tema som at livet er eit strev og at døden er uungåeleg, går att.
Kjelder
Verdens litteraturhistorie, Cappelens forlag 1971 J.R Porter: Illustrert nøkkel til Bibelen Grøndahl og Dreyer Forlag 1996 ISBN 82-504-2321-6
Bakgrunnsstoff Preikaren i Studentmållagsbibelen (bibel.smio.no)
Kategori:Det gamle testamentet Kategori:Sukkót