Jelets (russisk Еле́ц) er ein by i Lipetsk oblast i Russland med om lag 100 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Sosna, ei sideelv til Don.

Jelets er nemnt i historiske dokumenter så langt tilbake som 1146, då han høyrte til Fyrstedømet Rjazan. Plasseringa til byen langt sør i det russiske landområdet gjorde han til eit lett bytte for tyrkiske erobrarar. Mongolane brente byen i 1239 og Uzbeg Khan plyndra han i 1316, Timur Lenk øydela byen i 1395 og han vart herja av tatarar i 1414. I 1483 vart Fyrstedømet Jelets ein del av Storfyrstedømet Moskva

På 1800-talet vart Jelets det største handelssenteret i regionen.

Det viktigaste landemerket i byen er den store Himmelfartskatedralen, som vart bygt mellom 1845 og 1889.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Jelets» frå , den 7. januar 2009.

Bakgrunnsstoff