Solikamsk (russisk Солика́мск) er ein by i Perm kraj i Russland med om lag 90 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 190 km nord for Perm og 25 km nord for nabobyen Berezniki. Solikamsk er den tredje største byen i Perm kraj.
Han vart grunnlagt i 1430. Bynamnet kjem av dei russiske orda sol (соль) – salt og Kama (Кама) – elva som renn gjennom byen.
Byen er kjent for saltproduksjon, særskild natriumklorid, som vert nytta som gjødsel. Over 11 000 menneske arbeider innan utvinning av salt, 3 000 i underjordiske gruver og 7 000 over bakken. Byen har eit eige museum som er tileigna til å forklare og vise alle stadium i saltutvinninga, raffinering og næringa si historie i byen.
I Sovjettida låg det ein gulag-arbeidsleir ved byen. Han er no stengd, men vert nytta som museum.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Solikamsk» frå , den 7. januar 2009.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Busetnader grunnlagde i 1430-åra