Frode Elsness () er ein norsk sjakkspelar. Han blei Noregsmeister i sjakk i 2008. Frode Elsness blei utnemnd til Internasjonal Meister i sjakk (IM) i 2001.

I Noregsmeisterskapen i sjakk i Tønsberg 5-13. juli 2008 delte Frode Elsness førsteplassen med Jon Ludvig Hammer, begge med 6,5 poeng på 9 rundar.Norsk Sjakkblad nr. 4, 2008, s. 10-13Resultat NM i sjakk 2008 . Det var dermed nødvendig med omkamp om NM-tittelen. I omkampen i Moss 26-27. september 2008 vann Frode Elsness det første partiet, og stod best i det andre då Hammer baud remis, noko Elsness naturlegvis tok i mot. Dermed kunne Frode Elsness motta kongepokalenNorsk Sjakkblad nr. 5, 2008, s. 10-11.

Frode Elsness har delteke på det norske landslaget i sjakk-OL (VM for landslag) 6 gongar, i 1996, 2000, 2004, 2010, 2012 og 2014Olimpbase side for Frode Elsness.

I 1990 vart Elsness junior-noregsmeister i sjakk.Brekke 2014 s. 300. I 2007 vann Elsness det opne NM i hurtigsjakk.Brekke 2014 s. 307

Frode Elsness har to innteikningar i stormeister-tittelen. Den første kom i seriesjakken sesongen 2009-2010, med 7 poeng på 9 parti. Det andre kom i Oslo Chess International i oktober 2011, med 6 av 9 mot sterk motstand.Frode Elsness sine stormeisternapp hos FIDE Han har allereie klart kravet om eigen rating på over 2500, med 2506 pr. 1. november 2011, og manglar "berre" det tredje avgjerande stormeister-resultatet for å bli stormeister.

Frode Elsness er no medlem av Schakklubben av 1911. Frode Elsness er lege av utdanning, og arbeider som allmennlege.

Bakgrunnsstoff Frode Elsness sine parti hos www.chessgames.com Frode Elsness sine parti hos NorBase Frode Elsness sin rating hos verdssjakkforbundet FIDE

Kjelder Norsk Sjakkblad nr. 4, 2008, s. 10-13 Norsk Sjakkblad nr. 5, 2008, s. 10-11 Olimpbase, database over sjakk-olympiadar mv Øystein Brekke: Norske sjakktrekk. Norges Sjakkforbund 100 år 1914-2014. Norges Sjakkforbund 2014, ISBN 978-82-991916-2-3

Fotnotar

Kategori:norske sjakkspelarar Kategori:Internasjonale meistrar i sjakk Kategori:Noregsmeistrar i sjakk Kategori:Junior-noregsmeistrar i sjakk Kategori:Sjakkolympiadedeltakarar Kategori:Kongepokalvinnarar