Kirovo-Tsjepetsk (russisk Ки́рово-Чепе́цк) er ein by i Kirov oblast i Russland med om lag 65 000 innbyggjarar. Han ligg ved der elvane Tsjeptsa og Vjatka renn saman, rundt 20 km aust for Kirov.

Ein forløpar til Kirovo-Tsjepetsk oppstod på midten av 1400-talet som landsbyen Ust-Tsjeptsa (russisk: Усть-Чепца). Den moderne byen vart grunnlagd i 1935 og han fekk bystatus i 1955.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kirowo-Tschepezk» frå , den 8. januar 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader grunnlagde i 1935