Gisle er eit mannsnamn, av norrønt Gísli. Namnet kan vere ei kortform av namn som Torgils, eller det kan ha samanheng med eit ord som tyder 'gissel, fange'. Det kan òg komme frå norrønt geisli, som tyder 'stav' eller 'stråle'. Andre hevdar at det mest sansynlege opphavet er langobardisk gisil, som tyder 'pileskaft'.«Navnedag» i Aftenposten 13.1.2009

Gisle har i Noreg namnedag 13. januar.

Bruken av namnet i Noreg Bruken av namnet steig janmt i etterrigstida mot ein topp i 1970. Sidan har bruken av namnet gått attende.

I folketeljinga frå 1801 var det 62 som hadde namnet Gisle, dei fleste budde i Aust-Agder, Telemark og Buskerud. I 1900 var 92 listeførte med namnet Gisle , flest i Hedmark og Rogaland. I 2008 hadde 1 258 menn Gisle til første fornamn.

Kjende namneberarar Gisle Sursson islandsk sogeskrivar Gisle Straume (1917 - 1988) norsk skodespelar Gisle Hannemyr (f. 1953), norsk forskar Gisle Fenne (f. 1963) norsk skiskyttar Gisle Aas (f. 1964), norsk IT-gründer Gisle Kverndokk (f. 1967), norsk komponist Gisle Børge Styve (f. 1970), norsk pianist og vokalist

Kjelder Olav Veka: Namneboka, Det Norske Samlaget 1991

Bakgrunnsstoff

Folketeljingar i Digitalarkivet

Kategori:Mannsnamn Kategori:Førenamn av norrønt opphav