Davik kyrkje står i bygda Davik i Bremanger kommune i Vestland, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1886.

Kyrkja vart sett opp etter teikningar laga av arkitekt Georg Andreas Bull og har sitjeplassar til 500 personar. Før det vart sett inn orgel på galleriet i 1933 var det plass til kring 700 personar i kyrkja, og ho er ei av dei største i fylket.

Altartavla er frå 1885 og viser nattverden. Ho er laga av Anders Ohrem og Ole Marius Holmøe. Preikestolen er rikt utskoren og er frå 1600-talet.

Davik kyrkje er soknekyrkje for Davik sokn i Nordfjord prosti. Området høyrde fram til 1740 til Eid prestegjeld. Då vart sokna Davik, Rugsund og Ålfoten skilde ut som eit eige prestegjeld som fekk namnet Davik.

Det har vore kyrkje på Davik sidan mellomalderen. Ein finn Davik-kyrkja nemnd fyrste gongen i kjeldene i 1306. Kyrkja som då stod var truleg ei stavkyrkje frå 1200-talet. Det neste kyrkjebygget vart reist i 1655 og var ei tømra langkyrkje. Denne vart i sin tur erstatta av ei krosskyrkje i 1750 Krosskyrkja stod til etter at den noverande kyrkja stod ferdig i 1886, då vart ho riven. Grunnen til at kyrkja frå 1750 vart erstatta var at ho var vorten for lita.

Sjå òg Kyrkjebygga til Den norske kyrkja i Sogn og Fjordane

Kjelder

«Davik-kyrkja låg lenge under Eid» i NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Om Davik sokn på nettstaden til Den norske kyrkja Kart frå 1979 som viser soknegrenser og kyrkjestader, på nettstaden til Universitetet i Bergen «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket Skanna kyrkjebøker frå Sogn og Fjordane på nettstaden til Arkivverket Oversyn over gravminne i Bremanger kommune på nettstaden disnorge.no

Kategori:Kyrkjer i Bremanger Kategori:Kyrkjer i Nordfjord prosti Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Norske kyrkjer frå 1880-åra Kategori:Bygningar teikna av Georg Andreas Bull Kategori:Kulturminne i Bremanger Kategori:1886 i Noreg