Leikanger kyrkje står på Leikanger i Stad kommune i Vestland, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1866.

Kyrkja vart bygd av materialane frå Selje kyrkje, som hadde stått i bygda Selje sidan 1654. Denne kyrkja vart flytt frå Bø på Selja, der ho truleg hadde stått sidan slutten på 1500-talet. I kyrkja heng tre altartavler, ei frå kvar kyrkjestad. Den eldste er frå 1600, den andre frå 1694, og den tredje er frå 1895. Også preikestolen er frå tida kyrkja stod på Selja, han er datert 1592.

I 1895 vart kyrkja mykje vølt om og utvida under leiing av arkitekt Lars Sølvberg. I tillegg til at ho vart utvida slik at ho fekk plassar til nesten dobbelt så mange som før, fekk ho ny bordkledning og nytt tårn. Etter ombygginga var ho ikkje til å kjenne att, og ein kan ikkje sjå noko av det gamle vyrket verken utvendig eller innvedig.

Leikanger kyrkje har frå 1997 vore soknekyrkje i Leikanger sokn i Nordfjord prosti. Før det høyrde området til Selje sokn.

Sjå òg Kyrkjebygga til Den norske kyrkja i Sogn og Fjordane

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

NRKs fylkesleksikon (på Allkunne.no)

Skanna kyrkjebøker frå Sogn og Fjordane på nettstaden til Arkivverket

Kategori:Kyrkjer i Stad Kategori:Kyrkjer i Nordfjord prosti Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Norske kyrkjer frå 1866 Kategori:Lars Sølvberg Kategori:Kulturminne i Stad