Bor (russisk Бор) er ein by i Nizjegorod oblast i Russland med om lag 75 000 innbyggjarar. Byen ligg på venstre (nordre) breidda av Volga, rett overfor Nizjnij Novgorod. Dei to byane er knytte saman med ei bru bygd i 1965 og med ferjer.
I folketeljinga i 2002 hadde byen like over 60 000 innbyggjarar og den store folkeauken fram til i dag kjem av at dei tre urbanliknande busetnadane Nekljudovo, Oktjabrskij og Bolsjoje Pikino vart slegne saman med Bor.
mini|venstre|Industriområde i Bor langs Volga, rett overfor sentrum av Nizjnij Novgorod.
Bor vart grunnlagd på 1300-talet og fekk bystatus i 1938.
Av industri i byen finn ein skipsbygging og glasproduksjon. Den lokale glasfabrikken har laga glas for bilar og lastebilar frå GAZ og glas til bordbruk sidan 1934.
Kosmonauten Vjatsjeslav Zudov vart fødd i Bor.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bor (Nizjnij Novgorod oblast)» frå , den 17. januar 2009.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Busetnader grunnlagde på 1300-talet Kategori:Byar ved Volga