Hermann eller Herman er mannsnamn og kan koma frå tysk, samansett av hær og mann. Herman har i nyare tid vorte brukt som ei latinisering av det greske namnet Γερμανός (Germanós) eller av dei slaviske variantane Герман/Херман (German/Herman).
Hermann har namnedag den 29. januar eller 20. oktober i Noreg. Ifylgje den ortodokse kalenderen vert Herman feira den 13. desember.
Bruken av namnet i Noreg Namnet har vore bruka som førenamn sidan 1400-talet, men bruken av namnet har gått attende inntil det dei aller siste åra har stige kraftig i popularitet. Ved folketeljinga i 1801 var det 509 personar som heitte Herman(n/d), ved folketeljinga i 1900 var det 4550 som hadde dette namnet.
Per 26. januar 2022 var det 4930 som hadde Herman til førenamn, og 532 som hadde Hermann til førenamn. Kjende namneberarar Hl. Herman av Alaska (1756-1837), russisk oppdagar og munk Herman Wedel-Jarlsberg (1779-1880), eidsvollsmann Herman Foss (1790-1853), norsk politikar Herman Wildenvey (1885-1959), norsk diktar Hermann Göring (1893-1946), tysk nazist Hermann Jónasson (1896-1976), islandsk politikar Hermann Bongard (1921-1998), norsk teiknar Herman Friele (f. 1943), norsk forretningsmann Hermann Starheimsæter (f. 1950), norsk forfattar
Kjelder
Folketeljingar i Digitalarkivet Olav Veka 1991: Namneboka, Det Norske Samlaget ISBN 82-521-3604-4
Kategori:Mannsnamn Kategori:Førenamn av tysk opphav