Losino-Petrovskij (russisk Лоси́но-Петро́вский) er ein by i Moskva oblast i Russland med om lag 30 000 innbyggjarar. Han ligg der elvane Vorja og Kljazma renn saman, 52 km aust-nordaust for Moskva.
I 1708 vart ein fabrikk for produksjon av uniformer av elglêr grunnlagd av Peter den store. Landsbyen (slobodaen) rundt fabrikken vart kalla Losinaja Petrovskaja (russisk Лоси́ная Петро́вская). Fabrikken eksisterte til 1858.
I 1928 fekk landsbyen status som urbanliknande busetnad, og i 1951 bystatus.
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Losino-Petrovskij» frå , den 25. januar 2009.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Busetnader grunnlagde i 1708