Pusjtsjino (russisk Пу́щино) er ein by i Moskva oblast i Russland med om lag 20 000 innbyggjarar. Han ligg 120 km sør for Moskva. Sidan namnet kan forvekslast med andre byar med liknande namn vert han uformelt kalla Pusjtsjino-na-Oka.

mini|venstre|Pusjtsjino Byen er eit akademisk forskingssenter som fokuserer på mikrobiologi. Av forskingsinstitutta i vitskapssenteret finn ein:

Institutt for proteinforsking Pusjtsjino radioastronomi-observatorium Institutt for matematiske problem i biologi Institutt for cellebiofysikk Institutt for teoretisk og eksperimentell biofysikk Institutt for grunnleggende biologiske problem Institutt for biokjemi og mikroorganisme-fysiologi Pusjtsjino Statsuniversitet og ei avdeling av Moskva Statsuniversitet

Pusjtsjino ligg på høgre breidda av elva Oka, vis-a-vis Prioksko-Terrasny biosfærereservat.

Historie Pusjtsjino har eksistert sidan 1500-talet som eit familiegods, etter at landet vart tildelt Pusjtsjin-familien rundt 1500. Området vart i 1956 vald som stad for eit vitskapleg forskingssenter for Det russiske vitskapsakademiet. Pusjtsjino fekk bystatus i 1966.

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Pusjtsjino» frå , den 26. januar 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader grunnlagde i 1961