Slantsy (russisk Сла́нцы) er ein by i Leningrad oblast i Russland med om lag 35 000 innbyggjarar. Han ligg langs elva Pljussa, nær grensa til Estland, 192 km vest for Sankt Petersburg. Byen vart offisielt grunnlagd i 1934 og han fekk bystatus i 1949.

mini|venstre|Ein bygning i Slantsy med våpenskjoldet til byen.

Namnet på byen er det russiske ordet for oljeskifer. Byen vart bygd opp på grunnlag av skifergruvene, noko som òg kjem til syne i våpenskjoldet til byen og det resulterande drivstoffet vart mellom anna nytta til å lyse opp gatene i St. Petersburg på 1800-talet. Gruvene er no stort sett stengde, på grunn av minkande lokal etterspurnad og usemje om kontraktar med Estland. Dette har medført særs høg lokal arbeidsløyse. I tillegg representerer dei nedlagde gruvene ein alvorleg økologisk trugsel mot vassforsyningane i området.

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Slantsy» frå , den 1. februar 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader grunnlagde i 1934