Tsjukhloma (russisk Чухлома́) er ein by i Kostroma oblast i Russland med om lag 4 000 innbyggjarar. Byen ligg ved breidda av Tsjukhlomasjøen, rundt 150 km nordaust for Kostroma.
Byen vart første gong nemnd i skriftlege kjelder i 1381 og vart øydelagd under urotida i Russland. Busetnaden fekk offisiell bystatus i 1778. I nærleiken av byen ligg eit historisk familiegods som har høyrt til Lermontov-familien.
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Tsjukhloma» frå , den 3. februar 2009.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Busetnader grunnlagde i 1380-åra