Tsjudovo (russisk Чýдово) er ein by i Novgorod oblast i Russland med om lag 14 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Kerest, ei sideelv til Volkhov, 80 km nord for Novgorod og 100 km sør for St. Petersburg.
Busetnaden Tsjudovskij Jam (russisk Чудовский Ям) vart først nemnd i skriftlege kjelder i 1539. Han fekk det noverande namnet sitt i 1851 og fekk bystatus i 1937.
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Tsjudovo» frå , den 3. februar 2009.
Bakgrunnsstoff