Usinsk (russisk Усинск) er ein by i republikken Komi i Russland, rundt 750 km nordaust for republikkhovudstaden Syktyvkar og 100 km nord for byen Petsjora. Han ligg på nordbreidda av elva Usa, rundt tre mil før ho munnar ut i elva Petsjora.

Usinsk vart grunnlagd i 1966 som ein busetnad ved dei nyoppdaga førekomstane av petroleum nord i republikken Komi og fekk bystatus i 1984. Usinsk er administrativt direkte underlagd republikken. Til byen høyrer eit 30 600 km² stort område.

Byen er sentrum for olje og gassutvinninga i republikken Komi. Tre fjerdedelar av olja som vert vunne ut i republikken kjem frå felta i territoriet rundt Usinsk. I 1980 vart byen knytt til Petsjorabanen med eit 108 km langt sidespor.

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Usinsk» frå , den 4. februar 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader grunnlagde i 1966