«Everybody's Got Something to Hide Except Me and My Monkey» er ein song av The Beatles frå dobbeltalbumet The Beatles (White Album) som vart gjeven ut i 1968. Songen er skriven av John Lennon, men på vanleg vis tilskriven Lennon/McCartney.
I 1980 sa John Lennon «Det var ei slik flott tekstlinje som eg gjorde om til ein song. Den var om meg og Yoko. Alle syntest å vere så paranoide bortsett frå oss to, vi som skein av kjærleik. Alt saman er klårt og opent når du er forelska. Alle andre rundt oss var så spente, 'Kva er det ho gjer her på innspelinga? Kvifor er ho saman med han?' All den galskapen som skjedde rundt oss berre fordi vi tilfeldigvis ønskte å vere saman heile tida.»David Sheff, All We Are Saying (New York: St. Martin's Press, 2000, ISBN 0-312-25464-4), s. 190-191
Mange syntes denne songen er ein av dei mest bråkete og masete på Det kvite albumet, saman med «Birthday», medan andre igjen lovprisar begge for å vere tøffe og utgåver av tidleg pønk. Det er tydeleg at The Beatles eksploderte i denne songen og var meir rockete enn på lang tid med grunnformelen til bandet - to elektriske gitarar (Lennon og Harrison), bass (McCartney) og trommer (Starr).
Teksten er ikkje så erotisk som ein gjerne vil ha det til, ifølgje den norske Beatles-eksperten Bård Ose, trass i kåte tilrop og hyl. Kvasifilosofiske tekstlinjer som «The deeper you go the higher you fly/The higher you fly the deeper you go/Your inside is out when your outside is in. Your outside is in when your inside is out...» er eigentleg plukka direkte frå Maharishi Mahesh Yogi sine leksjonar i India.Bård Ose, Beatles hele livet, Bergen 1999
Medverkande John Lennon – solovokal, rytmegitar, perkusjon, klapping Paul McCartney – korvokal, bassgitar, bjølle, perkusjon, klapping George Harrison – korvokal, sologitar, perkusjon, klapping Ringo Starr – trommer, perkusjon, klapping Personell per Ian MacDonald utanom der andre nemnde.
Andre versjonar Fats Domino spelte denne songen in 1969. The Feelies spelte songen i 1980 på debutalbumet Crazy Rhythms. Soundgarden spelte inn songen i 1989 under Peel session. Phish på albumet Live Phish Volume 13. Kristin Hersh i 1999 på EP-en Echo. Då Mojo gav ut The White Album Recovered i 2008, ein del av ein nserie der albuma til Beatles vart covra spor for spor av moderne artistar, vart songen spelt av My Brightest Diamond.
Parodi Beatallica har parodiert denne songen, saman med «Ticket to Ride» av The Beatles og «Ride the Lightning» av Metallica, i ein song kalla «Everybody's Got a Ticket to Ride Except for Me og My Lightning».
Bakgrunnsstoff Instrumentering og tekst Alan W. Pollack om songen
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Everybody’s Got Something to Hide Except Me and My Monkey» frå , den 9. februar 2009. oppgav desse kjeldene:
Kategori:The Beatles-songar Kategori:Songar frå 1968 Kategori:Britiske hardrocksongar Kategori:Songar om Yoko Ono Kategori:Songar produserte av George Martin Kategori:Songar skrivne av Lennon–McCartney Kategori:Fats Domino-songar Kategori:Soundgarden-songar Kategori:Phish-songar