NSB type 68 er eit elektrisk motorvognsett med tre vogner som tenestegjorde i Noregs Statsbanar mellom 1956 og 2001. Typen var rekna for mellomdistansetrafikk. Type 68 blei bygd i to seriar, der den fyrste A–serien med 21 sett blei levert mellom 1956–1958, medan B–serien på ni sett blei levert mellom 1960–1961. A-serien hadde faste seter, men i B-serien kunne seteputene i styre- og motorvogn bli trekt ut, slik at ein fekk ei slags nedlegging av setene, og midtvognene hadde vendbare og nedleggbare stolar.

Både motorvogn og styrevogn (BM og BFS) blei bygd av Norsk Elektrisk & Brown Boveri og Skabo, medan midtvogna (B) blei bygd både av Skabo og Strømmens Værksted. Hos NSB blei type 68 gradvis tatt ut av trafikk frå 1994 og heilt ut i 2001, kor tre sett blei overtatt av Ofotbanen AS for chartertrafikk på Ofotbanen.

Setta er baserte på lokaltoga av type 65, men fekk sterkare motorar og ein høgare toppfart: 100 km/h i staden for 70 km/h.

Spesifikasjonar Type 68 Lengde Masse BM 20950 mm 52,1–52,6 tonn B 20920 mm 27,0–27,5 tonn BFS 21080 mm 28,0–28,5 tonn

Bakgrunnsstoff Jernbane.net – Om NSB motorvogn type 68 Norsk Jernbaneklubb.no – Databaseoppføringar på type 68

Kjelder Denne artikkelen bygger på «NSB type 68» frå , den 11. februar 2009.

Kategori:Togtypar i Noreg