«Golden Slumbers» er ein song av The Beatles på albumet Abbey Road frå 1969.
«Golden Slumbers», basert på Thomas Dekker-diktet i skodespelet Patient Grissel, som første gong kom ut i 1603 og som McCartney sette musikk til i ein godnattsong-stil.
«Golden Slumbers» og «Carry That Weight» glir rett over i kvarandre, slik fleire av songane, som «Mean Mr Mustard» og «Polythene Pam», tidlegare på albumet gjer det. Songen har piano og bass av George Harrison, trommer og i tillegg strykarar og blåseinstrument. Første vers opnar med piano aleine og ein sparsam bass og strykarar kjem til rundt McCartney si stemme på sitt mest innsmigrande:
Once there was a way to get back homeward Once there was a way to get back home Sleep pretty darling do not cry And I will sing a lullaby
Trommer og blåsarar kjem dramatisk til ved refrenget, medan andre vers er tilsvarande første vers, bortsett frå med trommer. Til å vere ein «busselullesang» når natta set til er det mykje kraft i stemma til McCartney.
Opphavleg tekst Den opphavlege teksten skriven av Thomas Dekker frå 1600-talet er
Golden slumbers kiss your eyes, Smiles awake you when you rise. Sleep, pretty wantons, do not cry, And I will sing a lullaby. Rock them, rock them, lullaby.
Care is heavy, therefore sleep you; You are care og care must keep you; Sleep, pretty wantons, do not cry, And I will sing a lullaby: Rock them, rock them, lullaby. -- Thomas Dekker
Medverkande Paul McCartney – solovokal, piano George Harrison – bassgitar Ringo Starr – trommer, pauker
Produksjon George Martin – produsent, arrangement
Orkester Ukjende musikarar – tolv fiolinar, fire bratsjar, fire celloar, kontrabass, fire horn, tre trompetar, trombone, bass trombone
Personell per Ian MacDonald
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Golden Slumbers» frå , den 11. februar 2009.
Bakgrunnsstoff
Alan W. Pollack om songen Teksten
Kategori:Dikt frå 1600-talet Kategori:Songar frå 1969 Kategori:Rockeballadar Kategori:Songar produserte av George Martin Kategori:The Beatles-songar Kategori:Songar skrivne av Lennon–McCartney Kategori:John Denver-songar Kategori:George Benson-songar Kategori:Lou Rawls-songar Kategori:The Bee Gees-songar Kategori:Peter Frampton-songar Kategori:Paul McCartney-songar Kategori:Phil Collins-songar Kategori:Ben Folds-songar Kategori:Neil Diamond-songar Kategori:k.d. lang-songar Kategori:Judy Collins-songar Kategori:Cheap Trick-songar Kategori:Booker T. & the M.G.'s-songar