The Rolling Stones er debutalbumet til The Rolling Stones, utgjeve på Decca Records i Storbritannia den 16. april 1964. Den amerikanske utgåve av albumet hadde eit litt anna innhald og kom ut på London Records den 30. mai 1964, med undertittelen England's Newest Hit Makers. Dette vart seinare den offisielle tittelen på denne utgåva.
Albumet er med i boka til Robert Dimery kalla 1001 Albums You Must Hear Before You Die.Robert Dimery; Michael Lydon (2010). 1001 Albums You Must Hear Before You Die: Revised and Updated Edition. Universe. .
Innspeling og utgjeving Innspelinga ved Regent Sound Studios i London tok fem dagar i januar og februar 1964. Albumet vart produsert av dei dåverande managerane Andrew Loog Oldham og Eric Easton. The Rolling Stones vart opphavleg gjeve ut på Decca Records i Storbritannia, medan England’s Newest Hitmakers kom på London Records i USA, med songen «Not Fade Away» (den tredje singelen til bandet) erstatta songen «Mona (I Need You Baby)».
Dei fleste songane på albumet er autentisk R&B. Mick Jagger og Keith Richards skreiv ikkje mange songane på denne tida, og medverka berre med ein orignal song til albumet, «Tell Me (You’re Coming Back)». To songar er tilskriven «Nanker Phelge» - eit pseudonym band nytta for songar heile bandet medverka med frå 1963 til 1965. Phil Spector og Gene Pitney begge medverka til innspelinga og vert kalla «Uncle Phil og Uncle Gene» på instrumentalen «Now I’ve Got a Witness».
Biletet på plateomslaget vart teke av David Bailey. Omslaget på den britiske utgåva står utan tittel eller noko anna som identifiserer bandet, bortsett frå biletet og ein Decca-logo. Dette «uhøyrde» konseptet var Andrew Oldham sin ide.
The Rolling Stones vart ein av bestseljarane i 1964 i Storbritannia og låg på førsteplassen på den britiske salslista i 12 veker.
Britisk utgåve Innhald
Amerikansk utgåve
Den amerikanske utgåva av albumet med undertittelen England's Newest Hit Makers, som sidan vart det offisielle namnet på utgåva, var det første albumet bandet gav ut i Amerika. Det kom ut på London Records den 30. mai 1964, ein og ein halv månad etter den britiske versjonen.
Sporet «Not Fade Away» (A-sida til den tredje singelen deira i Storbritannia) erstatta «I Need You Baby», og titlane til songane «Now I've Got a Witness (Like Uncle Phil and Uncle Gene)» og «Tell Me (You're Coming Back)» vart korta ned til «Now I've Got a Witness» og «Tell Me» på dei fleste versjonane. Då det kom ut nådde The Rolling Stones 11. plassen i USA og selde til gullplate. Så langt er dette det einaste albumet til The Rolling Stones som ikkje har nådd topp 5 på Billboard.
Innhald
Medverkande
The Rolling Stones Mick Jagger – solovokal , korvokal , munnspel , perkusjon Keith Richards – elektrisk gitar , akustisk gitar , korvokal Brian Jones – elektrisk gitar , munnspel , perkusjon , korvokal , akustisk gitar Bill Wyman – bassgitar , korvokal Charlie Watts – trommer
Andre musikarar Ian Stewart – piano , orgel Gene Pitney – piano Phil Spector – maracas
Salslister og salstrofé
Salslister Album Liste (1964–65)PlasseringAustralia (Kent Music Report)1
Singlar ÅrSingelListePlassering1964«Not Fade Away»UK Singles (OCC)3Billboard Hot 10048«Tell Me»Billboard Hot 10024
Salstrofé
Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Rolling Stones (album)» frå , den 19. februar 2009. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Rolling Stones No. 1
Kategori:Debutalbum frå 1964 Kategori:Rolling Stones-album Kategori:Album produserte av Andrew Loog Oldham Kategori:London Records-album Kategori:Decca Records-album