Andrus Veerpalu () er ein estisk tidlegare langrennsløpar. Veerpalu gjekk for skiklubben Skiclub Joulu, og debuterte i verdscupen 12. desember 1992 i Ramsau.
Andrus Veerpalu vart tildelt Holmenkollmedaljen i 2005.
Dopingsak i 2011 Veerpalu avgav ein positiv dopingprøve under trening i Otepää framfor Ski-VM i Oslo 2011. Han testa positiv for veksthormonet HGH. Då det estiske skiforbundet fekk beskjed om dopingsaka bad dei om at FIS ikkje offentleggjorde noko før etter VM, noko FIS gjekk med på. Veerpalu sende så ut ei pressemelding om at han grunna skade ikkje kunne tevle i VM og at han la opp. Først i april, etter mykje spekulasjonar i estisk media, gjekk det estiske skiforbundet og Veerpalu ut og melde om den positive dopingtesten. Veerpalu nekta for å ha dopa seg, og han og det estiske skiforbundet la fram fleire grunnar til at dei meinte at dopingtesten måtte vere feil. Mellom anna meinte dei at Veerpalu hadde ein mutasjon som gjorde at han hadde mykje høgare naturleg veksthormonnivå i blodet like etter trening enn det andre har. FIS utestengde han likevel frå langrennssporten for tre år. Veerpalu har anka saka inn for CAS.
Merittar
Olympiske Vinterleikar Gull på 15 km under Vinter-OL 2006 Gull på 15 km under Vinter-OL 2002 Sølv på 30 km under Vinter-OL 2002
Ski-VM Gull på 15 km under Ski-VM 2009 Gull på 30 km under Ski-VM 2001 Sølv på 50 km under Ski-VM 1999
Verdscupen 6 sigrar 1 andreplass 3 tredjeplassar
Referansar
Kategori:Estiske langrennsløparar Kategori:Verdsmeistrar i langrenn Kategori:Vinnarar av Holmenkollmedaljen Kategori:Olympiske medaljevinnarar i langrenn Kategori:Olympiske meistrar for Estland Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Estland Kategori:Estiske deltakarar under vinter-OL 1992 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1992 Kategori:Estiske deltakarar under vinter-OL 1994 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1994 Kategori:Estiske deltakarar under vinter-OL 1998 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1998 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2002 Kategori:Estiske deltakarar under vinter-OL 2002 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 2002 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2006 Kategori:Estiske deltakarar under vinter-OL 2006 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 2006 Kategori:Estiske deltakarar under vinter-OL 2010 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 2010 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 1993 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 1995 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 1997 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 1999 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2001 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2003 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2005 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2009 Kategori:Dopingsaker i langrenn