Dagfinn Zwilgmeyer () var ein norsk prest og salmediktar fødd i Sauherad, der faren Ludvig Zwilgmeyer var sokneprest.

Liv og gjerning Dagfinn Zwilgmeyer vart cand.theol. i 1929, og frå 1931 til 1940 var han hjelpeprest i Hadsel. I 1939 vart han konstituert som sokneprest i Fana. Som medlem i Nasjonal Samling vart han i 1940 utnemnd til ordførar i Fana. I 1942 tok han over som biskop i Bjørgvin bispedømme, seinare Hamar bispedømme. Han var ein av dei få NS-prestane som reagerte på aksjonen mot jødane hausten 1942, og han melde seg ut av Nasjonal Samling i protest våren 1943. Same året søkte han avskil som biskop i Hamar. Etter krigen vart han frådømd retten til å arbeide som prest. Denne retten fekk han attende etter ei stund,, utan at han seinare arbeidde som prest. Han arbeidde lenge som lektor i Arendal, Trondheim og Sarpsborg.

I mellomkrigstida gav Zwilgmeyer ut fleire salmesamlingar. Under krigen var han engasjert av NS-styresmaktene til å arbeide ut ei ny norsk salmebok som var meint å avløyse Landstads reviderte salmebok og Nynorsk salmebok. Han gav i 1967 ut Norsk salmebok. Et utkast. Dagfinn Zwilgmeyer er representert i Norsk salmebok med ein omsett salme, Tårnhøye bølger går (nr . 475), omsett 1958/1967.

Bibliografi Påskelilje. Dikte, Bergen 1923 Regnbuen. Salmer, 1933 Solsangen. Salmer, 1935 Norrøne og nye salmer, 1936 Luther som salmedikter, i Ki&K 1936, s. 162–183 Systematisk fortegnelse over samtlige Luthers salmer, i NTT 1938, s. 136–148 Petterdikt. Første ring: Vesterålen, Stokmarknes 1938 (2. utvida utg. Nordlandssanger. I herr Petters fotefar, 1941, 3. utg. De høye luers land, Trondheim 1960) Fager er lien. Salmer fra det skjulte Norge, Bergen 1939 Den norske salme. Et forsøk på en bestemmelse ut fra Landstads reviderte salmebok, 1942 Til landets prester. Noen ord til alvorlig ettertanke, 1942 (nynorsk utg. s.å.) Vår under sneen. Nye salmer, Arendal 1950 Under korset vil jeg stanse. Et utvalg salmer, 1958 Vår Gud han er så fast en borg. Utkast til nye oversettelser og gjendiktninger av gamle kjernesalmer, 1962 Og så var det evigheten. Dikt, 1963 Her er min ild, 1964 Underveis, 1965 Norsk salmebok. Et utkast, 1967 Gullharpen. Ny gjendiktning av Salmenes bok, 1973 Dikt og salmer, (posthumt) 1980

Kjelder Hallgeir Elstad i Norsk biografisk leksikon

Kategori:Norske prestar Kategori:Norske salmediktarar Kategori:Folk frå Sauherad