Gagnefs kommun er ein kommune i Dalarnas län i Sverige. Kommunen grensar til Leksands kommun i nord Falu kommun og Borlänge kommun i aust, Ludvika kommun i sør og Vansbro kommun i vest. Administrasjonssenteret i kommunen er Djurås.
I Gagnef finn ein eit skogkledd dallandskap med fleire ravinar. Næringslivet er dominert av jord- og skogbruk, samt treindustri. I administrasjonssenteret Djurås renn Väster- og Österdalälven saman til Dalälven. I tettstaden Gagnef er det òg ei flåtebru av tre som er eit bygningsminnesmerke over dette.
Administrativ historikk Kommunereforma i 1952 påverka ikkje området, men i 1971 vart Floda og Gagnef slått saman til Gagnefs kommun.
Kommunevåpenet Blasonering: På raud bakgrunn, ein straum med form som eit gaffelkors av gull.«I rött fält ett av vågskuror bildat gaffelkors av guld».
Våpenet symboliserer at Väster- og Österdalälven renn saman. Det vart fastsett i 1946. Ved samanslåinga hadde også Floda eit våpen, men det måtte vike for Gagnef sitt, som vart registrert hjå Patent- och registreringsverket i 1974.
Tettstader Det er åtte tettstader i Gagnefs kommun.
Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.
Nr. Tettstad Folketal 1 Mockfjärd 1 935 2 Djurås 1 253 3 Gagnef 1 115 4 Dala-Floda 709 5 Djurmo 689 6 Bäsna 687 7 Björbo 682 8 Sifferbo 399
Kjelder Artikkelen var opphavleg basert på ei omsetjing av «Gagnefs kommun» på Wikipedia på svensk. «Gagnef» på Store Norske Leksikon.
Fotnote
Kategori:Kommunar i Dalarnas län