Goats Head Soup er eit album av The Rolling Stones frå 1973. Det vart spelt inn som ein oppfølgjar til det kritikarroste Exile on Main St. Goats Head Soup hadde ein meir polert produksjon enn det rå og skranglete Exile. Musikken inneheldt den særeigne rockestilen til Stones, men no òg med element av soul-pop og funk. Den kanskje best kjende songen på albumet er «Angie», som vart ein stort hit verda over.
Historie Innspeling Innspelinga av albumet starta så tidleg som 1970. To songar, «Silver Train» og «Hide Your Love», kom frå desse tidlege innspelingane og dukka opp att i november 1972 då bandet flytta til Kingston på Jamaica og Dynamic Sound Studios. Gitaristen Keith Richards sa i 2002, «Jamaica var eit av få land der alle fekk kome inn! På denne tida var Sveits det einaste landet eg kunne opphalde meg i, og det var ein kjedeleg stad for eg likte ikkje å stå på ski. Det var ni land eg ikkje fekk kome inn i.»
Den første songen som vart spelt inn i Dynamic var «Winter», som sologitaristen Mick Taylor har sagt starta med berre Mick Jagger på gitar i studio og at resten kom inn etter kvart.
Første singelen frå albumet, «Angie», var eit upopulært val som første singel hos Atlantic Records. Dei ønskte seg ein ny «Brown Sugar» og ikkje ein ballade. I motsetnad til kva mange trur, så handla ikkje songen om den første kona til David Bowie, Angela, men om dotter til Richards, Dandelion Angela, som var nyfødd då.
Trass i den tilbakelente stilen har mange av songane på Goats Head Soup ei mørk kjensle ved seg, som opningssongen «Dancing With Mr. D» (D som i death eller død) og singelen «Doo Doo Doo Doo Doo (Heartbreaker)», som kritiserer New York-politiet for å ha skote ein ti år gammal person ved eit uhell.
Dette var det siste Rolling Stones-album produsert av Jimmy Miller, som hadde arbeidd med bandet sidan Beggars Banquet i 1968. Miller utvikla eit narkotikamisbruk i løpet av åra han var med bandet.
I tillegg til dei offisielle bandmedlemmane spelte mellom andre Billy Preston, Nicky Hopkins og Ian Stewart på albumet.
Innspelinga vart gjort ferdig i januar 1973 i Los Angeles og mai 1973 i Olympic Sound Studios i London.
Utgjeving Singelen «Angie» kom ut før albumet og gjekk til topps verda over. Goats Head Soup kom ut seint i august 1973 og vart òg ein bestseljar som gjekk til førsteplass i mange land. The Rolling Stones la ut på turne i 1973 i Europa.
Albumet fekk variabel mottaking av musikkpressa. I dag vert Goats Head Soup generelt rekna som albumet som markerte slutten på «gullalderen» til the Stones. Jagger starta for fullt eit jetsett liv som rockestjerne, medan Richards vart meir og meir påverka av narkotikaproblema sine. Albumet vert ofte rekna for å mangle energien og gnisten i dei tidlegare albuma, men vart ein bestseljar som mellom anna selde til trippel platina i USA.
Innhald
Medverkande The Rolling Stones Mick Jagger – solovokal , korvokal , elektrisk gitar , munnspel , piano Keith Richards – elektrisk gitar & korvokal , bassgitar , akustisk gitar , solovokal Bill Wyman – bassgitar Charlie Watts – trommer Mick Taylor – elektrisk gitar , korvokal , bassgitar , akustisk gitar
Andre medverkande Nicky Hopkins – piano Billy Preston – clavinet , piano Ian Stewart – piano Bobby Keys – tenorsaksofon Jim Horn – altsaksofon , fløyte Chuck Findley – trompet Jim Price – blåsearrangement Nicky Harrison – strykararrangement Anthony «Rebop» Kwaku Baah – perkusjon Pascal (Nicholas Pascal Raicevic) – perkusjon Jimmy Miller – perkusjon
Teknisk Sjefsteknikar og miksar – Andy Johns. Assisterande lydteknikarar – Carlton Lee, Howard Kilgour and Doug Bennett. Fotografi og design av David Bailey.
Salslister
Vekeslister Liste (1973–74)PlasseringAustralske Kent Music Report1Den austerrikske albumlista5Kanadiske RPM-lista1Den nederlandske albumlista1Den franske SNEP-listaMerk: vel 'The Rolling Stones' i vallista.1Den italienske albumlista8Den japanske Oricon-lista7Noreg - VG-lista1Den spanske albumlista 1Den svenske albumlista2UK Albums Chart1US Billboard 2001Den vesttyske Media Control-lista2
Årslister Liste (1973)PlasseringDen australske albumlista17Den nederlandske albumlista12Den franske albumlista13Den italienske albumlista19 Liste (1974)PlasseringDen australske albumlista17US Billboard 20084
Salstrofé
Bakgrunnsstoff Goats Head Soup på RollingStones.com
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Goats Head Soup» frå , den 11. mars 2009. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Rolling Stones-album Kategori:Musikkalbum frå 1973 Kategori:Album på toppen av VG-lista Kategori:Album produserte av Jimmy Miller Kategori:Atlantic Records-album Kategori:Rolling Stones Records-album Kategori:Virgin Records-album Kategori:Nummer-ein-album i Australia Kategori:Nummer-ein-album i Canada Kategori:Nummer-ein-album i Nederland Kategori:Nummer-ein-album i Frankrike Kategori:Nummer-ein-album i Spania Kategori:Nummer-ein-album i Storbritannia Kategori:Nummer-ein-album i USA