Zavojsjøen (serbisk Завојско језеро, Zavojsko jezero) er ein kunstig innsjø aust i Serbia langs elva Visočica. Han vart skapt i 1963 etter at eit stort jordras demde opp elva og den naturlege demninga seinare vart erstatta forsterka.

Zavoj ligg aust i Serbia og nord i regionen Visok, nær grensa til Bulgaria. Innsjøen er ein del av elva Visočica og ligg mellom Balkanfjella i nord og Vidlič i sør. Han ligg 16 km nord for by en Pirot, og nær staden der Visočica munnar ut i Temštica.

Historie

25. februar 1963 raste eit stort jordras ned i dalen til Visočica og blokkerte elva med ein jorddemning som var 500 meter lang og 50 meter høg. Eit reservoar vart skapt bak dammen og landsbyen Zavoj vart lagt under vatn. Hendinga vart utnytta og den naturlege denminga vart forsterka. Reservoaret vart nytta for å produsere straum i vasskraftverket Zavoj. Landsbyen Novi Zavoj vart bygd opp att høgare oppe.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Lake Zavoj» frå , den 19. mars 2009. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Innsjøar i Serbia