mini|høgre|Lastebil (Volvo FH12) med påhengsvogn.
mini|høgre|Eit langt vogntog i Queensland i Australia.
Vogntog er kombinasjonen av ei trekkvogn og ein eller fleire tilhengar(ar) utan omsyn til av om trekkvogna er ein lastebil, personbil eller ei anna motorvognForskrift om tekniske krav og godkjenning av kjøretøy, deler og utstyr (kjøretøyforskriften), Lovdata.no.. Døme på vogntog er lastebil med påhengsvogn eller slepvogn, eller ei trekkvogn med semitrailer, eller ein kombinasjon av fleire tilhengarar (modulvogntog).
Vogntog i ulike land Vogntog i Noreg Frå 1. januar 2007 er største lengd på vogntog 19,50 meter for lastebil med slepvogn eller påhengsvogn og 17,50 m for trekkvogn med semitrailerEndringer i lengder for vogntog og motorvogn, Statens vegvesen. (vitja 2/4-2011). Største masse er 50 tonn. På nokre vegstrekningar kan kan tømmerbilar med lengd opp til 22 m og totalmasse på 56 tonn nyttastTillet 56 tonn tunge vogntog, Statens vegvesen. (vitja 3/4-2011). I tillegg finst det ei prøveordning med sokalla modulvogntog, som på spesielt godkjende vegar kan ha ei lengd på opp til 25,25 m og ein masse på opp til 60 tonn.
Vogntog i Finland og Sverige Finland og Sverige har dei mest liberale reglane i Europa med omsyn til lengda på vogntog, noko som heng saman med omsynet til tømmerbilar. I Sverige kan ordinære vogntog ha ei lengd på opp til 24 mMått och vikt, Yrkestrafikken.se., men opp til 25,25 m om visse krav vert tilfredsstilte, og ein masse på opp til 60 tonnDimensioner, Yrkestrafikken.se., men det vert gjordt forsøk med modulvogntog med ei største lengd på 30 m og ein største masse på 90 tonnLängre timmerbil testas på vägar , Västerbottens-Kuriren, 9/12-2008.. I Finland er største lengd 25,25 mHøringsnotat: Innføring av høydebegrensning på kjøretøy i Norge, Statenens vegvesen, 21/12-2009..
Vogntog i Australia mini|høgre|Australske vongtog. Australia har dei lengste vogntoga i verda. Dei kan ha opp til seks tilhengarar, med ei lengd på opp til 53,5 mOversize Road Train & B-Double , Main roads Western australia. (vitja 3/4-2011) og ein total masse på opp til 200 tonn. Grunnen til at ein nyttar slike vogntog i Australia er at det er flate og rette vegar og svært store avstandar. Kor store vogntoga kan vera varierer etter område og vegstandard, men dei største vogntoga vert for det meste nytta over dei store avstandane mellom avsidesliggande byar. Der det ikkje er jarnveg vert òg store vogntog nytta for å transportera malm frå gruver til hamner. Nokre gruveselskap har bygd private vegar til dette føremålet.
Vogntog og vinterføre mini|høgre|Eit finsk vogntog på vinterføre: Scania trekkvogn med slepvogn.
I Noreg er det krav om at køyretøy over 3500 kg på glatt føre skal vera utstyrte med vinterdekk med mønsterdjup på minst 3 mmForskrift om endring i forskrift om bruk av kjøretøy, Norsk Lovtidend FOR-2008-09-19-1035 Endr. i forskrift om bruk av kjøretøy, 2008-09-19., men 5 mm vert ofte tilråddLysenstøen, E., Stavik, A.J. og Lysenstøen Jr., E., Veien til førerkortet: buss, lastebil, vogntog, Autoriserte trafikkskolers landsforbund, 12. utg., 2010.. Piggdekk kan nyttast i perioden 1. november til fyrste måndag etter 2. påskedag (i Nordland, Troms og Finnmark er pikkdekkperioden sett til 15. oktober til 1. mai). Når det vert nytta piggdekk må talet på piggdekk vera likt på begge sider. På tvillinghjul kan det monterast piggdekk på indre, ytre eller begge hjula, men det må vera likt på begge sider. Når det vert montert piggdekk på tilhengar må det monterast piggdekk på alle hjula, men på tilhengarar med tvillinghjul treng det ikkje vera piggdekk både på indre og ytre hjul.
I piggdekkperioden og når det kan ventast glatt føre er det krav om at lastebil skal ha med minst 3 kjettingar, to for drivhjula og ein for eit framhjul (styrekjetting). For vogntog er det krav om å ha med minst sju kjettingar, fire for drivhjula, ein styrekjetting og to for tilhengarhjula. På toaksla tilhengar (slepvogn) vert det som oftast montert ein kjetting på kvar aksling, ein på venstre og ein på høgre side, på ei side på fremre aksling og på andre sida på bakre aksling. Dette hindrar slepvogna i å skli sidelengs.
Når ein har køyrt seg fast i ein bakke er det ofte for seint å legga på kjetting, etter som det då kan vera vanskeleg å ta laust att. Eit vogntog som står fast i ein bakke er òg til hinder for annan trafikk og kan føra til at fleire må stogga og vert ståande fast. Kjetting bør difor leggast på før bratte bakkar. På hovudvegane er det enkelte stader sett av eigne kjettingplassar før bratte bakkarRasteplasser og serviceanlegg langs vegen, Trafikksikkerhetshåndboken, Trafikkøkonomisk institutt.. I Noreg er det eit aukande problem at utanlandske vogntog køyrer seg fastLuker ut dårlig skodde vogntog, Aftenposten.no, 7/1-2011.. Dette kjem i fyrste rekke av at sjåførar frå kontinentet som ikkje er vane med vinterføre, freistar å ta seg fram med sumardekk og ofte ikkje har med kjettingarAarstein, K.I., Forklarer farlige vogntog , nrk.no, 15/12-2010..
Referansar
Bakgrunnsstoff Road train going flat-out over a river crossing - Western Australia, YouTube. Bulkhaul powertrain, YouTube. 170 tonne road train hill climbing, YouTube.
Kategori:Lastebilar Kategori:Vegtransport