Krimgotisk er ein dialekt av gotisk som vart tala av krimgoterane i nokre isolerte område av Krim, kanskje inntil så seint som 1700-talet.

Svært lite av det krimgotiske språket har overlevd; all kunnskap om det byggjer på eit brev av den flamske 1500-talsambassadøren Ogier de Busbecq, som gjev ei liste på om lag 80 ord og litt innsikt i grammatikken. Nokre av orda nedskrivne av de Busbecq er tydeleg germanske. Innsamlinga kan vera prega av hans eige flamske språk og det at den eine av informantane hans hadde gresk som morsmål og krimgotisk som andrespråk, medan den andre var ein opphavleg talar av krimgotisk som hadde gått over til gresk.

Døme: Krimgotisk Norsk Engelsk Bibelgotisk Tysk Nederlandsk Færøysk Islandsk Svensk Dansk apel eple apple apls (m.) Apfel appel súrepli epli (vild-)apel, äpple æble handa hand, hånd hand handus (f.) Hand hand hond hönd hand hånd schuuester syster, søster sister swistar (f.) Schwester zus(ter) systir systir syster søster hus hus house -hūs (n.) Haus huis hús hús hus hus reghen regn rain rign (n.) Regen regen regn regn regn regn singhen syngje, synge sing siggwan (vb.) singen zingen syngja syngja sjunga synge geen gå go gaggan (vb.) gehen gaan ganga ganga gå gå

Bakgrunnsstoff Introduction to Crimean Gothic ved utexas.edu Ogier de Busbecq sin tekst om krimgotisk (på latin)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Crimean Gothic» frå , den 5. juli 2013.

Introduction to Crimean Gothic ved utexas.edu

Kategori:Austgermanske språk Kategori:Utdøydde språk i Europa Kategori:Einskildspråk