Rikke er eit kvinnenamn av dansk opphav, danna som ei kortform av namn som inneheld rik, som Frederikke, Henrikke og Ulrikke. Namneleddet rik har opphav i det gammalhøgtyske ordet rihhi eller det urnordiske -rikiaR, som begge betyr 'mektig'. Andre former av namnet er Rica, Rieke, Rike, Rika, Rikka og Rekka.

Rikke har namnedag i Noreg den 24. mars.

I Danmark var Rikke mykje brukt for jentebarn fødde på 1970-talet.

Namneberarar Rikke Schubart (f. 1966), dansk forfattar Rikke Karlsen (f. 1968), norsk kunstnar Rikke Lind (f. 1968), norsk politikar Rikke Hvilshøj (f. 1970), dansk politikar

Oppdikta Rikka Gan, hovudperson i romanen med same namn av Ragnhild Jølsen.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Rikke» frå , den 23. mars 2009.

Kategori:Kvinnenamn Kategori:Kortnamn Kategori:Førenamn av gammalhøgtysk opphav Kategori:Førenamn av urnordisk opphav Kategori:Namn knytte til makt