Chopok er det nest høgaste fjellet i Låge Tatra (etter nabofjellet Ďumbier) med ei høgd på 2024 moh i det sentrale Slovakia. Frå toppen er det panoramautsikt mot Høge Tatra, Liptov og Hrondalen. Det ligg ei hytte kalla Kamenná chata nær toppen.

Tilkomst Chopok ligg langs vandringsruta E8 mellom toppane Ďumbier og Dereše. I tillegg til denne aust-vest-stien, kan ein nå fjellet på stiar frå både nord (Demänovská dolina-dalen) og sør (Trangoška og Srdiečko). Eit stykke oppover går det stolheis til Chopok úboč (1834 moh) på nordsida og Kosodrevina (1494 moh) på sørsida.

Klima Middeltemperaturen er -1 °C og den høgaste registrerte temperaturen 18 °C og den lågaste registrerte er -27 °C.Weatherbase Middeltemperaturen i januar er -8 °C og i juli 6 °C. Chopok er den mest vindfulle vêrstasjonen i Slovakia.

Skisport Det finst skiløyper på både nord- og sørsida av fjellet. Det ligg tre skiområde på nordsida med totalt 21 km med skiløyper, ei kabelvogn, fire stolheisar og ni skiheisar.Chopok.sk På sørsida finst det to stolheisar og fire skiheisar. Fjellet er populært for frikøyring.Peakware World Mountain Encyclopedia I tillegg ligg Jasná skisenter på nordsida av Chopok og Srdiečko og Tále på sørsida.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Chopok» frå , den 26. mars 2009. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Fjell i Slovakia Kategori:Fjell i Karpatane