«Going to a Go-Go» er ein song og singel frå 1965 av The Miracles for Motown Records sitt Tamla selskap. Han kom ut i desember 194 og gjekk til 11. plass på Billboard Hot 100 i USA våren etter. I tillegg nådde andreplassen på Hot R&B Singles-lista og vart den femte plata til The Miracles som selde over ein million eksemplar.

Miracles-utgåva Smokey Robinson syng solovokal på «Going to a Go-Go», som han skreiv i lag med Pete Moore, Bobby Rogers og Marv Tarplin. Moore, Rogers, Ronnie White og kona til Smokey Robinson, Claudette Robinson, song korvokal på songen, som var ein livleg dansesong.

«Going to a Go-Go» kom òg ut på album med same namn, som vart det bestseljande albumet deira nokon gong. Albumet nådde Topp 10 tidleg i 1966.

Rolling Stones-konsertutgåve

«Going to a Go-Go» var spelt av the Rolling Stones på turneen deira i 1982 og kom ut på konsertalbumet "Still Life" (American Concert 1981). Han vart òg gjeven ut som singel. Singelen nådde 26. plass på den britiske singellista og 25. plass i USA. Både singelen og albumet kom ut under den europeiske turneen til bandet dette året.

Medverkande The Miracles-utgåva

Smokey Robinson: solovokal, produsent Bobby Rogers: korvokal Ronnie White: korvokal Pete Moore: korvokal, vokalarrangør Claudette Rogers Robinson: korvokal Marv Tarplin: gitar Andre instrument av The Funk Brothers: Benny Benjamin: trommer James Jamerson: bass Eddie Willis: rytmegitar Eddie "Bongo" Brown: perkusjon Jack Ashford: tamburin

The Rolling Stones-utgåva Mick Jagger: solovokal, korvokal, munnspel Keith Richards: gitar, korvokal Charlie Watts: trommer Ronnie Wood: gitar Bill Wyman: bass

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Going to a Go-Go (song)» frå , den 26. mars 2009. oppgav desse kjeldene: Hits Of The Sixties: The Million Sellers- av Demitri Coryton & Joseph Murrells (s. 131) . Motown/Universal DVD: Smokey Robinson & The Miracles:The Definitive Performances (1963-1987)

Kategori:The Miracles-songar Kategori:Rolling Stones-songar Kategori:Songar frå 1965 Kategori:Singlar frå 1965 Kategori:Singlar frå 1982 Kategori:Motown-songar