Steel Wheels er eit album av The Rolling Stones frå 1989. Det vart utropt som eit stort comeback då det kom ut og er kjend for at Mick Jagger og Keith Richards vart vener igjen under innspelinga, at bandet gjekk tilbake til den meir opphavlege stilen deira og for at albumet vart etterfølgd av den største verdsturneen bandet hadde hatt til då. Det var òg det siste albumet som bassist Bill Wyman spelte på med The Rolling Stones, då han trekte seg frå bandet i januar 1993.
Historie Etter Dirty Work frå 1986 og Jagger sitt sideløp som soloartist hadde forholdet mellom han og Richards vorte særs dårleg. Medan Jagger gav ut Primitive Cool i 1987 til lunken mottaking, gav Richards ut det første soloalbumet sitt, Talk is Cheap, i 1988 til begeistra kritikk. Åra frå kvarande såg ut til å ha hjelpt så pass på forholdet deira at dei no kunne halde fram partnarskapet sitt og bandkarrieren.
Dei møttest igjen i januar 1989, like før The Rolling Stones vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame og kjemien mellom Jagger og Richards overstrålte skilnadane dei hadde. Dei komponerte om lag femti songar på berre nokre veker, og Ronnie Wood, Bill Wyman og Charlie Watts vart tilkalla for å starte innspelinga av det som vart Steel Wheels. Chris Kimsey vart hyrt inn som medprodusent, som han hadde vore på Undercover.
Plata vart spelt inn i Montserrat og London i løpet av våren med tanke på at Steel Wheels skulle ha den klassiske Rolling Stones-stilen og vere i plate utan den keisame produksjonen og svake songmaterialet som mange følte hadde skjemd dei førre platene, som Dirty Work. Den einaste songen som dreiv i ei anna retning var «Continental Drift», som var inspirert av austleg musikk og som var ei hyllest til Brian Jones. Jagger og Richards la fortida bak seg og innspelinga av Steel Wheels gjekk forholdsvis harmonisk for seg.
Den massive Steel Wheels-turneen starta i august 1989, samstundes med at Steel Wheels kom ut i lag med første singelen «Mixed Emotions». Singelen vart den siste store hitten deira i USA, der han nådde femteplassen. Kritikarane tok godt i mot albumet og Steel Wheels nådde andreplassen i Storbritannia, tredjeplassen i USA og førsteplassen i Noreg. Oppfølgjarsinglane var «Rock and a Hard Place», «Almost Hear You Sigh» og «Terrifying». Den gigantiske Steel Wheels-turneen, som enda på sommaren 1990, etter å ha skifta namn til Urban Jungle Tour, vart ein enorm økonomisk suksess, og The Rolling Stones var tilbake for fullt. I 1990 filma Fox ein 3-D spesial for TV. Ein IMAX-film frå turneen kom ut året etter.
Albumet vart det første Rolling Stones gjorde digitalt.
Innhald
MedverkandeThe Rolling StonesMick Jagger – solo- og korvokal, elektrisk og akustisk gitar; munnspel, perkusjon, klaverinstrument på «Continental Drift» Keith Richards – elektrisk, akustisk og klassisk gitar, korvokal; solovokal på «Can't Be Seen» og «Slipping Away»; sykkelspiler på «Continental Drift» Ronnie Wood – elektrisk og akustisk gitar, bassgitar og akustisk bass, korvokal, dobro Bill Wyman – bassgitar Charlie Watts – trommerAndre medverkandeChuck Leavell – orgel, piano, klaverinstrument Matt Clifford – elektrisk og akustisk piano, clavinet, harmonium, perkusjonsprogrammering, strykarar Sarah Dash – korvokal Lisa Fischer – korvokal Bernard Fowler – korvokal Luis Jardim – perkusjon Phil Beer – mandolin, fele The Kick Horns – brass Roddy Lorimer – trompet The Master Musikars of Jajouka led by Bachir Attar Farafina – Afrikanske instrument Sonia Morgan – korvokal Tessa Niles – korvokalTeknisk''' Lydteknikar – Christopher Marc Potter Assisterande teknikar – Rupert Coulson Spelte inn i Air Studios i Montserrat Miksa av Michael Brauer, Christopher Marc Potter, Chris Kimsey Kunstnarisk leiar og design – John Warwicker Logodesign – Mark Morton Mastering – Ted Jensen ved Sterling Sound, NYC
Salslister
Vekeslister Liste (1989–90)PlasseringDen australske ARIA-lista7Den austerrikske albumlista1Canadian RPM Albums Chart1Den nederlandske albumlista2Den franske SNEP-lista6Den tyske Media Control-lista2Den italienske albumlista5Japanese Oricon Albums Chart5Den newzealandske albumlista3Noreg - VG-lista1Den spanske albumlista6Den svenske albumlista2Den sveitsiske albumlista2UK Albums Chart2US Billboard 2003
Årslister Liste (1989)PlasseringDen kanadiske albumlista13Den nederlandske albumlista37Den franske albumlista36Den italienske albumlista40Den japanske albumlista89Liste (1990)PlasseringDen kanadiske albumlista45Den nederlandske albumlista66US Billboard 20050
Salstrofé
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Steel Wheels» frå , den 27. mars 2009.''
Kategori:Rolling Stones-album Kategori:Musikkalbum frå 1989 Kategori:Album på toppen av VG-lista Kategori:Album produserte av Chris Kimsey Kategori:Album produserte av The Glimmer Twins Kategori:Rolling Stones Records-album Kategori:Virgin Records-album Kategori:Columbia Records-album Kategori:Nummer-ein-album i Austerrike Kategori:Nummer-ein-album i Canada