Kolbjørn Almlid () er ein norsk næringslivsleiar og politikar for Senterpartiet. Han kjem frå Verran kommune i Nord-Trøndelag og arbeider i dag (2009) som seniorrådgjevar i Innovasjon Norge. Almlid har tidlegare vore divisjonsdirektør i same føretak og direktør i Statens nærings- og distriktutviklingsfond Nord-Trøndelag, før dette gjekk inn i Innovasjon Norge.
Almlid er utdanna adjunkt med faga engelsk og historie frå Bodø lærerskole. Frå 1989 til 1995 var han skulesjef i Verran kommune, og frå 1995 til 1996 assisterande rådmann. Før det arbeidde han som lærar og undervisningsinspektør. I regjeringa Syse (1989–1990) vart han utnemnd til statssekretær i olje- og energidepartementet. Han var vararepresentant til Stortinget for Nord-Trøndelag i perioden 1989–1993, og frå 1991 til 1995 var han fylkesordførar i Nord-Trøndelag fylkeskommune. I tillegg har han vore leiar for Senterpartiet i Nord-Trøndelag og medlem av sentralstyret i partiet, forutan at han har vore med i både kommunestyre og fylkesting i høvesvis 12 og 14 år.
Kolbjørn Almlid har sete i ei rekkje styre, og er i dag (2009) styreleiar i Helse Midt-Norge. Tidlegare har han mellom anna vore styreleiar i Nord-Trøndelag Elektrisitetsverk og styremedlem i Vinmonopolet. Han har også vore med i fleire offentlege utval, mellom desse «Hellandsvik-utvalet» (Utvalg for utredning av statlig overtakelse av regionsykehusene).
Kjelder Knut Olav Åmås [red.]: «Almlid, Kolbjørn» i Hvem er hvem? (Aschehoug, 2008) Biografi på Stortinget.no
Kategori:Fylkesordførarar i Nord-Trøndelag Kategori:Fylkesordførarar frå Sp Kategori:Lokalpolitikarar i Verran Kategori:Sp-politikarar i Nord-Trøndelag Kategori:Statssekretærar i Regjeringa Syse Kategori:Statssekretærar frå Sp Kategori:Vararepresentantar til Stortinget Kategori:Norske embets- og tenestefolk Kategori:Norske næringslivsleiarar Kategori:Folk frå Verran