Solheim kyrkje står på Solheim i Masfjorden kommune i Vestland fylke, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1882.

Arkitekt for bygget var byggmeister Ole Syslak frå Lindås.

Solheim kyrkje er soknekyrkje i Solheim sokn i Nordhordland prosti. Kyrkja er den fyrste på staden. Før dei fekk henne sokna folk i området til Sandnes kyrkje. Området vart skilt ut frå Sandnes som eige sokn i 1882. Fram til 1876 høyrde Masfjorden til Lindås prestegjeld.

Kjelder Norges Kirker: «Solheim kirke» på nettstaden til Norsk institutt for kulturminneforsking

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Om Solheim sokn på nettstaden til Den norske kyrkja Kart frå 1979 som viser soknegrenser og kyrkjestader, på nettstaden til Universitetet i Bergen «Kirkebøker, Hordaland» på nettstaden til Arkivverket Arne L. Hope: «Solheim kyrkje» på nettstaden til Masfjorden kommune Skanna kyrkjebøker frå Hordaland på nettstaden til Arkivverket Oversyn over gravminne i Masfjorden kommune på nettstaden disnorge.no

Kategori:Kyrkjer i Masfjorden Kategori:Kyrkjer i Nordhordland prosti Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Norske kyrkjer frå 1880-åra Kategori:Ole Syslak Kategori:Kulturminne i Masfjorden