thumb|right|Finlandshest-merr. thumb|right|Avlsmerr og føl.

Ei merr (norrønt merr) eller hoppe (knytt til verbet ‘å hoppa’) er eit hodyr i hestefamilien. Ordet blir brukt for hest, esel, muldyr og mulesel. Blir merra brukt i avl, blir ho kalla avlsmerr, og ei yngre merr blir kalla ei «fylje».

Lynne Merrar blir rekna for å vere lettare å handtere enn hingstar, men merrane har også ein tendens til å kunne vere strie og uviljuge, spesielt når dei nærmar seg brunst.

Bruk Merrar blir brukt i all hestesport, sjølv om det er somme som føretrekkjer hingstar framfor merrar. Beduinane føretrekte merrar under sine tokt, fordi hingstane ville vrinske til hestane i motstandarane sin leir, medan merrane heldt stilt.

Merrar er også brukt til mjølkeproduksjon, spesielt blant nomadar og tidlegare nomadefolk i Sentral-Asia. Gjæra merramjølk, kjent som kumis, er nasjonaldrikken i Kirgisistan. Merramjølk blir også produsert i Noreg.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Hoppe» frå , den 30. mars 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Hestar Kategori:Ord frå norrønt