Harju maakond eller Harjumaa (latin: Harria) er eit av dei 15 fylka i Estland. Det ligg nord i Estland, på sørkysten av Finskebukta og grensar til Lääne-Viru maakond i aust, Järva maakond i søraust, Rapla maakond i sør, og Lääne maakond i sørvest.

Meir enn ein tredjedel, 38,8 %, av folkesetnaden i Estland bur i Harju maakond.

Tallinn, hovudstaden i Estland, ligg i dette fylket. Byrådet i Tallinn har søkt til den estiske regjeringa om å få ein spesiell status, slik at dei mellom anna kan vedta eigne lover.

Kommunar Fylket er delt inn i 23 kommunar, der 6 av dei er bykommunar og 17 landkommunar.

Bykommunar 1 Keila 2 Loksa 3 Maardu 4 Paldiski 5 Saue 6 Tallinn

Landkommunar 7 Aegviidu 8 Anija 9 Harku 10 Jõelähtme 11 Keila 12 Kernu 13 Kiili 14 Kose 15 Kuusalu 16Nissi 17 Padise 18 Raasiku 19 Rae 20 Saku 21 Saue 22 Vasalemma 23 Viimsiframe|høgre|Kommunar i Harju maakond. Bykommunar er farga grå, landkommunar er farga oransje.

Galleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Fylke i Estland