Kunda er ein by i Estland ved kysten av Finskebukta. Det ligg ein cellulosefabrikk (AS Estonian Cell), ein sementfabrikk og ei hamn i byen. Han har om lag 4000 innbyggjarar.

Nokre av dei eldste spora etter menneske i Estland er funne her frå rundt 6500 f.Kr. Denne busetnaden har gjeve namn til Kunda-kulturen.

Kunda flybase ligg 13 km vest for Kunda, og vart tidlegare nytta av Sovjetunionen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kunda, Estonia» frå , den 8. april 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Estland Kategori:Kommunar i Estland Kategori:Lääne-Viru maakond