Alfred Schmidt () var ein estisk vektløftar som deltok under OL i 1920 i Antwerpen.
Schmidt vann ein olympisk sølvmedalje i vektløfting under OL i 1920 i Antwerpen. Han kom på andre plass i den lettaste klassen, fjærvekt opp til 60 kg. Det var fyrste gongen i OL at løftarane vart delte inn i ulike vektklassar. Det var totalt fem vektklassar under OL i 1920. Han løfta samanlagt 210,0 kilo, ti mindre enn gullvinnaren François de Haes frå Belgia. Vektløftkonkurransen inneheldt tre løft, rykk og støty med éi hand og støyt med begge hendene. Det var 14 utøvarar frå 11 land i fjærvektklassen.
OL-medaljar 1920 Antwerpen - Fil:Med 2.png Sølv i vektløfting, fjærvekt
Kategori:Estiske vektlyftarar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Estland Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1920 Kategori:Estiske deltakarar under sommar-OL 1920 Kategori:Vektlyftarar under sommar-OL 1920 Kategori:Folk frå Harju maakond