mini|Storbritannia i Amerika Den britisk koloniseringa av Amerika starta seint på 1500-talet og nådde ein topp då koloniar var oppretta over heile Amerika og eit protektorat vart danna over Kongedømet Hawaii i Stillehavet. Britane var ei av dei viktigaste kolonimaktene i Amerika og det amerikanske imperiet deira var ein stor rival til dei spanske koloniane både militært og økonomisk.
Denne britiske erobringa hadde dramatisk innverknad på dei innfødde sivilisasjonane i Amerika både direkte gjennom britisk militærmakt og indirekte gjennom kulturelt samanbrot og innførte sjukdomar. Sjølv om dei innfødde samfunna hadde utvikla krigargrupper og ei lang historie med krigføring, klarte dei ikkje å stå imot dei teknologisk overlegne britiske styrkane og vart til slutt slått. Mange av dei erobra folkeslaga forsvann eller vart innlemma i kolonisystemet.
Etter den amerikanske sjølvstendekrigen fekk dei britiske territoria i Amerika ei meir ansvarleg regjering før dei gradvis fekk sjølvstyre på 1900-talet. På denne måten fekk to land i Nord-Amerika, ti i Karibia og eitt i Sør-Amerika sjølvstyre frå Storbritannia. I dag har Storbritannia framleis åtte oversjøiske område i Amerika, som har forskjellig grad av sjølvstyre. I tillegg er ni tidlegare britiske område i Amerika, som i dag er sjølvstendige, Samveldeland.
Det fanst tre kolonitypar i Det britiske imperiet i Amerika på høgda av makta deira på på 1700-talet. Desse var konsesjonskoloni (charter colony), proprietærkoloni (proprietary colony) og kongeleg koloni (royal colony).
Nord-Amerika Engelske koloniar i Nord-Amerika mini|Plakett i St. John's i Newfoundland, til minne om Gilbert som grunnla det britiske oversjøiske riket
Fleire engelske koloniar vart grunnlagd under eit system med ein sjølvstendig proprietærguvernørar, som vart utpeikt under handelskonsesjonar til engelske aksjeselskap for å grunnleggje og styre busetnader. Det mest kjende av desse selskapa var Virginia Company, som opprette den første suksessrike engelske busetnaden Jamestown (og den andre på Bermuda).
England tok òg over dei nederlandske koloniane i Ny-Nederland (inkludert Ny-Amsterdam) som vart omdøypt til Province of New York i 1664. Ned Ny-Nederland tok engelskmennene òg over kontrollen over det tidlegare Ny-Sverige (i dag Delaware), som nederlendarane tidlegare hadde erobra. Dette vart seinare ein del av Pennsylvania då dette vart oppretta i 1680.
Skotske koloniar i Nord-Amerika Kongedømet Skottland gjorde òg nokre mislukka forsøk på å etablere koloniar i Darién, og den kortvarige skotske koloniseringa av Nova Scotia (Ny-Skottland) frå 1629 til 1632. Tusenvis av skottar deltok òg i den engelske koloniseringa sjølv før dei to landa vart slått saman i 1707.
Britiske koloniar i Amerika Kongedømet Storbritannia klarte å ta dei franske koloniane i Acadia i 1713 og så Canada, samt dei spanske koloniane i Florida i 1763. Etter å ha fått namnet Provinsen Quebec, vart det tidlegare Franske Canada delt inn i to provinsar, Canadas, som busette område i Nedre Canada (i dag Quebec) og det nye busette Øvre Canada (i dag Ontario).
I nord dreiv Hudson's Bay Company aktiv pelshandel med urinnbyggjarane, og hadde konkurrert med franske pelshandelsmenn. Selskapet kom til å kontrollere heile nedslagsfeltet til Hudson Bay, kalla Rupert's Land. Den vesle delen av nedslagsfeltet til Hudson Bay som ligg sør for 49 ºN gjekk til USA i den engelske-amerikanske avtalen i 1818.
Tretten av koloniane til Storbritannia gjorde opprør med den amerikanske sjølvstendekrigen som starta i 1775, hovudsakleg på grunn av representasjon, lokale lover og strid om skatt. Dette var oppstarten på USA, som vart internasjonalt anerkjend som ein stat med Paris-traktaten i 1783.
Storbritannia koloniserte òg vestkysten av Nord-Amerika, indirekte via lisensane til Hudson's Bay Company vest for Rocky Mountains, Columbia og New Caledonia pelsdistrikt. Desse vart samla kravd som Oregon Country av USA frå 1818 fram til den 49. breiddegraden vart oppretta som landegrense vest for Rocky Mountains med Oregon-traktaten frå 1846. Koloniane på Vancouver Island, grunnlagt 1849, og Kolonien British Columbia, grunnlagd i 1858, vart slått saman i 1866 som Kronkolonien British Columbia før dei vart med i Sambandet i 1871. British Columbia vart utvida med Stikine Territory i 1863, og vart slått saman med Sambandet i lag med Peace River Block, tidlegare ein del av Rupert's Land.
I 1867 vart koloniane New Brunswick, Nova Scotia, og Province of Canada (den sørlege delen av dagens Ontario og Quebec) i lag med eit sjølvstyrt landområde kalla Canada, innanfor Det britiske imperiet. Quebec (inkludert dei sørlege områda av dagens Ontario) og Nova Scotia (inkludert det som i dag er New Brunswick og Prince Edward Island) hadde vorte avstått til britane av franskmennene. Koloniane Prince Edward Island og British Columbia kom med dei neste seks åra, og Newfoundland kom med i 1949. Rupert's Land og Nordvestterritoria vart avstått til Canada i 1870. Dette området består i dag av provinsane Manitoba (kom med etter forhandlingar mellom Canada og ei mellombels Métis-regjering i 1870), Saskatchewan og Alberta (begge oppretta i 1905), samt Nordvestterritoria, Yukon (oppretta i 1898, etter starten på gullrushet i Klondike), og Nunavut (oppretta i 1999).
Engelske og britiske koloniar i Nord-Amerika mini|Dei britiske koloniane i Nord-Amerika, 1763-1775 Kolonien Roanoke, grunnlagd 1586, forlaten året etter. Eit nytt forsøk i 1587 forsvann (òg kjend som the Lost Colony). Virginia Company, fekk konsesjon i 1606 og vart Kolonien Virginia i 1624 London Company Jamestown Settlement, grunnlagd 1607. Bermuda, desse øyane, i Nord-Atlanteren, vart først busett i 1609 av London Virginia Company; Administrasjonen gjekk vidare til The Somers Isles Company, sanna av dei same aksjeeigarane i 1615. Dei vart òg offisielt kalla The Somers Isles, og er framleis eit britisk oversjøisk område. Citie of Henricopolis, grunnlagd i 1611 som eit alternativ til sumpområdet ved Jamestownog vart øydelagd i den indianske massakren i 1622. Plymouth Company Kolonien Popham, grunnlagd 1607, forlaten 1608 Society of Merchant Venturers (Newfoundland) Cuper's Cove, grunnlagd 1610, forlaten i 1620-åra Bristol's Hope, grunnlagd 1618, forlaten i 1630-åra London and Bristol Company (Newfoundland) New Cambriol, grunnlagd 1617, forlaten før 1637. Renews, grunnlagd i 1615, (forlaten 1619William Vaughan and New Cambriol: Newfoundland and Labrador Heritage) Jamestown Settlement St. John's i Newfoundland, konsesjon for Sir Humphrey Gilbert i 1583; det budde folk her til visse tider av året om lag 1520Nicholas Canny, The Oxford History of the British Empire: Volume I: The Origins of Empire: British Overseas Enterprise to the Close of the Seventeenth Century , 2001, ISBN 0-19-924676-9.; og heile året før 1620.The Early Settlement of St. John's, , 1998, Newfoundland and Labrador Heritage Web Site Project, Memorial University of NewfoundlandPaul O'Neill, The Oldest City: The Story of St. John's, Newfoundland, 2003, ISBN 0-9730271-2-6. Plymouth Council for New England Kolonien Plymouth, grunnlagd 1620, slått saman med Massachusetts Bay Colony i 1691 Ferryland i Newfoundland gjeve til George Calvert, Lord Baltimore i 1620. Dei første kolonistane kom i august 1621Colony of Avalon, , Colony of Avalon Foundation Provinsen Maine, innvilga 1622, oppløyst 1677 Sør-Falkland, Newfoundland, grunnlagd 1623 av Henry Cary av Falkland Provinsen New Hampshire, seinare New Hampshire, kolonisert i 1623. Dorchester Company Colony, (Dorchester Company grunnla ein mislukka fiskekoloni på Cape Ann ved dagens Gloucester i Massachusetts i 1624) Kolonien Salem, seinare Salem i Massachusetts, kolonisert i 1628, slått saman med Massachusetts Bay Colony året etter Massachusetts Bay Colony, seinare ein del av Massachusetts, grunnlagd 1629 Ny-Skottland, i dagens Nova Scotia, 1629-1632 Kolonien Connecticut, seinare ein del av Connecticut, grunnlagd 1633 Provinsen Maryland, seinare Maryland, grunnlagd i 1634 New Albion, konsesjon i 1634, mislukka i 1649-50. Må ikkje forvekslast med Nova Albion på stillehavskysten. Rhode Island og Providence Plantations, først kolonisert i 1636 Kolonien New Haven, grunnlagd 1638 Provinsen New York, erobra 1664 Provinsen New Jersey, erobra 1664 delt i West Jersey og East Jersey etter 1674, som kvar hadde sin eigen proprietær. Provinsen Pennsylvania, seinare Pennsylvania, grunnlagd 1681 som ein engelsk koloni, men vart først busett av nederlendarar og svenskar. Kolonien Delaware, seinare Delaware, skild frå Pennsylvania i 1704 Kolonien Carolina Nord-Carolina, først kolonisert ved Roanoke i 1586, vart ein eigen koloni i 1710 Provinsen Sør-Carolina, først permanent busett i 1670, vart eigen koloni i 1710. Provinsen Georgia, seinare Georgia; først kolonisert om lag 1670, formelt ein koloni i 1732 Nova Scotia, var ein mislukka skotsk koloni i 1629; britisk koloni i 1713, men denne var ikkje permanent før Cape Breton Island i 1758. Quebec, som vart kalla Canada under fransk styre. Canada var den mest folkerike delen av Ny-Frankrike. Storbritannia fekk totalt kontroll over Fransk Canada i 1759-1761 under sjuårskrigen. Frankrike avstod området i Paris-traktaten i 1763. Aust-Florida og Vest-Florida, oppnådd frå Spania i 1763 i ein bytehandel med Cuba, teken frå Spania i 1761. Florida vart gjenerobra av Spania i 1783. St. John-øya, skild frå Nova Scotia 1769, omdøypt til Prince Edward Island i 1798 New Brunswick, skild frå Nova Scotia i 1784 Ontario, skild frå Quebec i 1791 som Øvre-Canada Kolonien Vancouver Island, Hudson's Bay Company grunnla Fort Victoria i 1843, kongeleg konsesjon for øya som ein koloni i 1849, slått saman med kolonien British Columbia i 1866. Kolonien Queen Charlotte Islands, grunnlagd 1853, slått saman med Kolonien Vancouver Island i 1863. Kolonien British Columbia, Kolonien Mainland eller Gullkolonien, grunnlagd 1858 frå Ny-Caledonia pelsdistrikt og restane av Columbia pelsdistrikt nord for 49. breiddegrad. Kolonien vart utvida med Stikineterritoriumet og Kolonien Queen Charlotte Islands i 1863. Dei sameinte koloniane Vancouver Island og British Columbia, oppretta i 1866 frå koloniane Vancouver Island og Mainland. Namnet British Columbia vart namnet på den nye kolonien trass i protestar frå kolonistane på Vancouver Island.
Britiske område i Nord-Amerika som ikkje var koloniar Rupert's Land, området til Hudson's Bay Company, danna i 1670 Columbia District, handelsdistriktet til Columbia-avdelinga til Hudson's Bay Company frå 1821 til Oregon-traktaten i 1846, då det meste av Columbia District vart formelt annektert av USA. Ny-Caledonia, pelsdistrikt. Først busett i 1805, styrt av Hudson's Bay Company frå 1821 fram til det vart innlemma i Kolonien British Columbia i 1858. Stikine-territoriumet, oppretta i 1862 etter gullrushet i Stikine for å hindre at amerikanarane tok det. Nordvestterritoria, eit handelsområde for Hudson's Bay Company nord og nordvest for Rupert's Land og etter 1863, nord for den opphavlege grensa til Stikine-territoriumet ved 62. breiddegrad. Restane vart innlemma i Yukon etter at området sør for 60 ºN vart slått saman med British Columbia. Nova Albion, aldri innlemma eller busett, og den eksakte plasseringa er ukjend. Det vart gjort krav på av Sir Francis Drake. Dei søraustlege områda av Alaska Panhandle vart leigd av Det russiske imperiet, frå 1839 til 1867, fram til leigeavtalen vart ignorert av både russarane og amerikanarane, og etter kvart av både kanadiske og britiske styresmakter, trass i protestar frå British Columbia.
Britiske koloniar i Karibia