Kristian Halse () var ein norsk diktar, lærar og stortingspolitikar.

Kristian Halse var fødd i Stangvik i Møre og Romsdal. Han budde i Vefsn frå han fekk arbeid som lærar ved Vefsn folkehøgskole i 1951. Her arbeidde han til han i 1960 vart tilsett ved Mosjøen vidaregåande skole, som var arbeidsplassen hans til 1991.

Han var vararepresentant frå Nordland til Stortinget 1969-73 for partiet Venstre. Frå oktober 1972 møtte han eitt år som fast representant og var medlem i landbrukskomiteen.

Bibliografi Kristian Halse har skrive jubileumsbøker for Vefsn Venstre (1983) Mosjøen Idrettslag (1992) Mosjøen mannskor (1993) Vefsn folkehøgskole (1999) Mosjøen orkesterforening (2001) Olderskog skole (2004)

Nokre av dikta hans er publiserte i bøkene: Levande tid (utg. ved Vefsn Museum, 2001, ISBN 82-90775-)Levande tid Prologar og dikt av Kristian Halse ved nb.no Min løynde blom (Snøfugl forlag, 2009)

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske lyrikarar Kategori:Norske pedagogar Kategori:Nordnorske målfolk Kategori:Stortingsrepresentantar 1969-1973 Kategori:Stortingsrepresentantar for Nordland Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Folk frå Vefsn Kategori:Nynorsk i Nord-Noreg