right|frame|The municipalities of Slovenia in Prekmurje Prekmurje (ungarsk Muravidék, prekmurisk PrekmürskoForrások a Muravidék történetéhez/Viri za zgodovino Prekmurja, 292. s.) er den austlegaste regionen i Slovenia. Han grensar til Ungarn i nordaust, Austerrike i nordvest, Kroatia i sør og den slovenske regionen Štajerska i sørvest. I tusen år var regionen ein del av Kongedømet Ungarn, i motsetnad til resten av Slovenia. Området har derfor sine særeigne språklege, kulturelle og religiøse trekk som ein ikkje finn i den andre områda av Slovenia.

Regionen er kalla opp etter elva Mura, som skil regionen frå resten av landet. Regionen er delt inn tre geografiske område. Det åslendete landskapet nord for Murska Sobota, kalla Goričko; det austlege slettelandet rundt Mura, kalla Ravansko, og det vestlege låglandet rundt Lendava, kalla Dolinsko.

Senteret i regionen er byen Murska Sobota. Den einaste andre større byen er Lendava. Andre stader er Dobrovnik, Turnišče, Beltinci og Črenšovci.

Bakgrunnsstoff Bilete av vassmølle i Mura Bilete frå Prekmurje

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Prekmurje» frå , den 22. april 2009. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Tradisjonelle regionar i Slovenia