Slovenska Bistrica (tysk Windisch-Feistritz) er ein by og ein kommune i den statistiske regionen Drava i Slovenia. I 1998 blei Oplotnica skild ut frå Slovenska Bistrica og oppretta som eigen kommune, og i 2006 blei Makole og Poljčane skilde utsom eigne kommunar.
Slovenska Bistrica ligg sør for Maribor i Slovenia. Han vart grunnlagd på 1200-talet langs ein handelsveg mellom Maribor og Celje. Den tidlege busetnaden hadde berre ei kyrkje og få innbyggjarar, men fekk likevel rettar som kjøpstad i 1313. Byen vart opphavleg berre kalla Bistrica. Det noverande namnet på Slovenska Bistrica dukka opp i skriftlege kjelder i 1565.
I dag er Slovenska Bistrica ein by med om lag 8 000 innbyggjarar, medan kommunen har vel 25 000 innbyggjarar. Mange pendlar dagleg til Ljubljana, som ligg om lag ein times køyretur unna. I byen finst i dag ei borg, to kyrkjer, ein romarveg, festninga Ančnik fort (frå romartida) og meir.
Folketal Folketalet i dei største busetnadene i kommunen ved dei siste folketeljingane var:
Folketal 2002 Folketal 2011 Folketal 2021 Slovenska Bistrica 6 591 7 454 8 252 1 126 1 208 1 337 1 101 1 150 1 148 814 936 926 615 653 642 Kommunen Slovenska Bistrica 29 285 24 919 25 949
Merknader
Bakgrunnsstoff
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Slovenska Bistrica» frå , den 25. april 2009.
Referansar
Kategori:Byar i Slovenia Kategori:Kommunar i Drava statistiske region Kategori:Busetnader i Drava statistiske region