Ragnhild Elisabeth Schweigaard Selmer () var ein norsk politikar (Høgre) og jurist. Ho var den fyrste kvinnelege justisministeren i Noreg, frå 1965 til 1970, og høgsterettsdommar frå 1970 til 1990. Ho var medlem av Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur og var varamedlem av Den norske Nobelkomitéen frå 1982 til 1990.
Elisabeth Schweigaard Selmer var gift med jusprofessor Knut Selmer. Ho vart i 1980 utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden.
Kjelder
Kategori:Norske justisministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Borten Kategori:Høgrestatsrådar Kategori:Norske høgsterettsdommarar Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Medlemmar og varamedlemmar i Nobelkomiteen Kategori:Medlemmar av Det Norske Akademi Kategori:Politikarar frå Oslo