Paul Svedenborg () er ein norsk sjakkspelar som har vunne Noregsmeisterskapen i sjakk to gongar, i 1966 og 1967.Liste over Norske meistrar i sjakk Paul Svedenborg bur i Narvik og spelar for Narvik sjakklubb. Han deltok på det norske landslaget i sjakkolympiadane i 1964 i Tel Aviv og i 1968 i Lugano.ChessBase database

Svedenborg sin spelestil er prega av aktivt spel, der han søker utvikling og rom, til prisen av materiell og/eller bondestruktur.

I opningsteori har Svedenborg fått ein variant oppkalla etter seg i Lettisk gambit. Etter 1.e4 e5 2.Sf3 f5 3.Lc4 fxe4 4.Sxe5 så har Svedenborg vist at 4...d5 er spelbart, og denne varianten ber no hans namn. Sjølv om trekket var kjent tidlegare, så viste Svedenborg at den svarte stillinga var haldbar etter 5.Dh5+ g6 6.Sxg6 hxg6 7.Dxg6+ Kd7, i staden for den gamle varianten Ke7.

Bakgrunnsstoff Paul Svedenborg sitt ratingkort hos FIDE Artikkel om Paul Svedenborg Tromsø sjakklubb si heimeside, skrive av Gunnar Berg Hanssen. Paul Svedenborg sine parti i Noreg hos NorBase Nokre av Paul Svedenborg sine parti hos www.chessgames.com

Fotnotar

Kategori:Norske sjakkspelarar Kategori:Noregsmeistrar i sjakk Kategori:Folk frå Narvik Kategori:Sjakkolympiadedeltakarar