Noregsmeisterskapen i morellsteinspytting er ei tevling som vert halden på kvar Morellfestival på Lofthus i Hardanger. Spyttetevlinga har vore hovudtrekkplaster sidan oppstarten av festivalen sommaren 1996.
Det vert konkurrert i 3 klassar: junior, kvinner og menn.
Det fyrste året spytta Ronny Boge frå Fusa ein morellstein 9, 8 meter. Noregsrekorden i morellsteinspytting er på 15,15 meter; rekorden vart seten av Øystein Gjuvsland i 2018.
Sigurd Sollien er tradisjonelt programleiar for NM i morellsteinspytting.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Nettstaden til Morellfestivalen – Krøll tunga og hiv deg fram. Reportasje frå NRK Vestland
Kategori:Tevlingar Kategori:Kultur i Ullensvang