«Anyway, Anyhow, Anywhere» er ein song av det engelske rockebandet The Who, gjeven ut på singel i mai 1965.

Songen har ein call-and-response-tekst, som var vanleg for The Who på denne tida, og ein av dei første innspelingane med gitarfeedback. Songen er den einaste som er skriven av gitarist Pete Townshend og vokalist Roger Daltrey i lag. Ein meiner at gitarsolen er første soloen på plate nokon gong med gitarfeedback. Dette er den første Who-utgjevinga med Nicky Hopkins på piano.

Townshend sa om songen:

Songen vart spelt lite på konsertane deira, men har vore stort sett fast sidan 1999. Han finst på konsertalbumet Live at the Royal Albert Hall. Han finst òg på albuma BBC Sessions og The Kids Are Alright.

Medverkande The Who

Roger Daltrey - solovokal Pete Townshend - elektrisk gitar, korvokal John Entwistle - bassgitar, korvokal Keith Moon - trommer

Andre medverkande

Nicky Hopkins - piano

Andre utgåver David Bowie spelte inn ei utgåve av songen på albumet hans Pin Ups i 1973.

The Flaming Lips spelte ein versjon av songen på ei plate som følgde med magasinet Mojo med berre Who-songar.

Ei anna hyllestplate, Substitute- the songs of The Who, har ein versjon av songen spelt av Ocean Colour Scene.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Anyway, Anyhow, Anywhere» frå , den 12. september 2019. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1965 Kategori:Singlar frå 1965 Kategori:The Who-songar Kategori:Songar produserte av Shel Talmy Kategori:Songar skrivne av Pete Townshend Kategori:Songar produserte av Ken Scott Kategori:David Bowie-songar Kategori:The Flaming Lips-songar Kategori:Ocean Colour Scene-songar